1000årsstaden

Fedje historielag sin visjon knytt til Tusenårsstaden; «Gode møteplassar i ei ny tid»

Vi er kjende med at Fedje kommunestyre har gjort eit vedtak om at Tusenårsstaden skal vidareutviklast. 

Tidlegare har historielaget gjort ein innsats knytt til «Fiskarkona», men vi har fleire idéar, og konkrete planar, som vi ynskjer å gjennomføra. Vi håpar kommunestyret vil gje oss løyve til dette. 

Kommunen og historielaget har eit felles ynskje om at Fedje skal utvikle seg, og vere rusta for tida som kjem. Skal vi lukkast med å få til ei positiv utvikling av øya vår, må vi ha fortida, identiteten og Fedje sin sterke fiske- og fangsttradisjon, med i arbeidet. Plasseringa av Tusenårsstaden gjev ein unik moglegheit til å visa identiteta og historia til Fedje med det same ein kjem inn vågen med ferja. 

Vi i historielaget har visjonar om å videreutvikla kaiområdet, i tråd med vedtaket i kommunestyret. Vi ser for oss ein flott rasteplass, der bosscontainerne no står. Teikningar er allereie sendt til kommunen. Samtidig ynskjer vi å visualisere og knytte namnet «Stenborg» tettare til staden.

Historielaget har og hatt eit godt samarbeid med Kåre Paulsen. Han har skrive boka «Fedje-øya vest i havet» (2014). Historielaget fekk alle løyve knytt til denne boka.  Kåre har også idéar om andre bøker, og er allereie i gong med boka: «Fedje, øya der det hendte».  Han har også sagt seg villig til å jobbe med ei bok om båtar på Fedje, og historiar knytt til desse. I samband med dette vil vi trenge hjelp av folket på Fedje til å dele av kunnskapa si innanfor emnet.

  Fedje Historielag
|

Mulevegen 80
|
5947 FEDJE
|

fedjehistorielag@gmail.com
 
        Rediger