Lagshistorie
Våren 2010 vart Fedje ein omstillingskommune. Det innebar at Hordaland fylkeskommune bidrog med midlar til omstillingsarbeid i kommunen. 1. september same år vart det teke initiativ til etablering av et historielag på Fedje. Møtet vart leia av Oddvar N. Husa. Her vart det beslutta at eit interimstyre skulle organiserast. 14. oktober vart interimstyret for Fedje historielag etablert.

Interimstyret i historielaget 2010-2011:

Leiar: Reidun Moldøen.  Nestleiar: Trond Ågotnes. Styremedlemer: Oddvar N Husa, Paul Gullaksen, Else Færøy, Einar Thomassen og Arent Wiken.

Observatør: Kristin Handeland. Rådgjevar for interimstyret: Ove R Hjelmervik. Sekretær: Elin Øien.

Fedje har mykje interessant historie som me har teke tak i og som me etter kvart vil få visualisert. Vidare er me stolte av den flotte skulpturen «Fiskarkona» som vart avduka 16. august 2014. Initiativet vart teke av Feie Fiskelag, og med god støtte frå mange. Skulpturen er laga av den ungarsk-norske bilethoggaren Istvan Lisztes. Einar Thomassen var då leiar. Historielaget var medverkande til å gi ut boka «Fedje - øya vest i havet» som Kåre Paulsen har skrive.

Historielaget har og teke på seg ein del guideoppdrag.

Velkomen er du til å vera medlem, enten du bur på Fedje eller om du bur i ein annan kommune, og er interessert i vår historie.

Til dykk, gode medlemer. Takk for at de har vore med desse åra. Utan dykk har me ikkje noko historielag.

Styret i 2015: leiar: Erling Walderhaug, nestleiar og kasserar: Oddvar N. Husa, sekretær: Tone Sævi, styremedlem: Reidun Moldøen. Varafolk: Erling Herøy, Asbjørn Husa og Ingrid Nilsen.

  Fedje Historielag
|

Mulevegen 80
|
5947 FEDJE
|

fedjehistorielag@gmail.com
 
        Rediger